Hordaland

Nasjonalforeningen Stord og Fitjar demensforening

Stord og Fitjar demensforening arrangerer blant anna temamøter om demens og demenskafe, for å skape meir merksemd omkring demens og skape gode møteplasser for personer med demens og deira pårørende.

Vi jobbar for å auka kunnskap om demenssjukdomane, har samtalegrupper, ivaretar medlemane sine interesser og er ein pådrivar for å betre tilhøva til dei demenssjuke og deira pårørande i nærmiljøet. Medlemar i demensforeininga er pårørande til personar med demenssjukdom, helsepersonell og andre interesserte.

Demensforeningen har:
• tema- / undervisningsmøter
• sosiale samvær for demenssjuke og pårørande, til dømes demenskafé.
• samtalegrupper
• pårørandekurs i samarbeid med Helse Fonna og Demensforeningen på Bømlo

Demenskafé
Vi møtes siste torsdag i kvar månad i NAV-kantinen på Bakketunet, mellom kl. 17.00 - 18.30, til sang, musikk, underholdning og lett bevertning. Demenskafeen er sponsa med midler fra TV-aksjonen i 2013. Velkommen!

 
Foreningen har årsmøte kvart år i mars. I styret er det pårørande og fagpersonar.

Noko for deg?
Ynskjer du å bli med i foreininga eller vil ha meir informasjon om aktivitetar, så ta kontakt med styreleiar Kjell Nesbø på telefon 97552027 / 53497539 eller epost: kjell.nesbo@stord.kommune.no

"Ansvar for å gi omsorg til andre kan overvelde deg, både følelsesmessig, fysisk og mentalt.
Skaff deg ei støttegruppe av venner eller andre omsorgsgivere, som vil lytte til deg, forstå og lette dine byrder." (Frå boka "Omsorg for den omsorgsfulle")

Er du pårørande til en person med demens og ønskjer nokon likesinna å prate med? Da kan du kontakte ein av våre likepersonar

Liv Astrid Fylkesnes

Liv Astrid Fylkesnes

Likeperson, Hordaland

934 29 739

Randi Mikkelson Miracco

Randi Mikkelson Miracco

Likeperson, Hordaland

915 90 861