Hordaland

Nasjonalforeningen Uskedal helselag

Uskedal helselag i Kvinnherad arrangerar blant anna gågruppe, basarar og deltek i den årlege Demensaksjonen kvar høst.

Vi i Uskedal helselag er 92 medlemmer, og vi tek gjerne i mot fleire! Vi har møte i Gamleskulen fyrste tysdag i månaden. På foreiningsmøte prøver laget jevnleg å få inn foredragshaldarar som fortel om aktuelle saker av interesse for medlemmene i laget.

AKTIVITETAR

  • Gågruppe kvar tysdag kl 11:00 - oppmøte ved Tiaren, Gamleskulen.
  • Vi deltek på Tiaren, dugnadskafè, kvar tysdag, ope mellom kl 11:00 - 14:00.
  • Basar
  • Demensaksjon og bøsseinnsamling
  • "Syng med oss" på Rosendalstunet
  • Styrketrening for vaksne/eldre
  • Julegåver til pasientane ved Valen sjukehus
  • Juleblomar til uskedelingar ved sjukeheimane våre samt heimebuande i Uskedalen over 90 år
  • Uskedal Helselag gjev økonomiske midlar til lag og aktiviteter i Uskedalen, elles i Kvinnherad og på landsbasis.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.