Hordaland

Nasjonalforeningen Valestrand helselag

Valestrand helselag i Osterøy tilbyr mellom anna trim og driver eit dagsenter for eldre i bygda.

Helselaget er oppteken av hjarte- og kararbeid for alle aldrar og demenssaka.

Helselaget har bygd til saman 21 eldrebustader på Valestrand. Mange har fått seg ei praktisk og sentral bustad når dei treng det! Medlemmane i helselaget har gjort ein stor innsats med dugnad og frivillig arbeid for å nå dette målet. Er du medlem i helselaget kan du søke om bustad i eldrebustadene og komme på liste til tildeling.

I tilknyting til eldrebustadane ligg Helselagssenteret som vert utleigd til ymse føremål, som åremålsdagar, konfirmasjonar og liknande.

På det førebyggjande feltet er helselagstrimmen kvar tysdag, kl. 10 - 13, særs populær.

Trimrom med diverse utstyr står fritt til disposisjon for bebuarar / medlemmar. Helselaget har også eiga trimrom med utstyr som for eksempel tredemølle, ergometersykkel, ribbevegg m.m. Dette kan brukast gratis kvar dag frå 8-22 for medlemar av helselaget.

Dagsenter for eldre med frukost, middag og kaffi kvar onsdag , kl. 10 - 14.

Kvar vår arrangerar helselaget ein hjartemarsj i samband med Nasjonalforeninga si Hjerteuka, som rett fokus på hjerte-og karsjukdommer og sunne elvevaner. Her samlast det óg inn penger til hjerte- og karforskinga. 

Helselaget har òg, i samarbeid med grunneigarar, laga til åtte folkestiar i bygda, som mange nyttar seg av.

Helselaget har planar om fleire tilbod for born i skulealder. Vi har påskeverkstad, juleverkstad, delt ut rekfleksvester til fyrsteklassingane. Vi er óg med på å arrangere den årlege hoppetaukonkurransen "Hopp for hjertet" som Nasjonalforeningen arrangerar for skuleelevar.

Helselagsbasaren vert arrangert i Kongshall siste fredag i oktober. Den gir eit viktig tilskot til dei aktivitetane som helselaget driv.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.