Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Brekke helselag

Brekke helselag i Gulen arrangerer blant anna trim og sosialt samver for eldre på Helsestudioet, og har også trening for bebuarane på eldresenteret. Dei lagar til frukost på skulen og i barnehagen ein dag i året, og har ulike andre tiltak som skal bidra til betre helse og meir trivsel i bygda.
Aktivitetar:
 
  • Trim og sosialt samver
Helselaget er på plass på helsestudioet ein dag i veka, og gjev tips og hjelp, og kokar kaffi! :-) Oppstart tysdag 11. oktober. Har du lyst til å trene saman med andre er dette ei god løysing. Hugs at litt trening er betre enn ingenting! Har du spørsmål; ta kontakt med Haldis (57 78 55 16) eller Petra (41 68 29 81)
 
  • Trim på eldresenteret
Helselaget har trening med bebuarane på eldresenteret kvar tysdag kl 15. Har du lyst å hjelpe til, så ta kontakt!
 
  • Skulefrukost ved Brekke skule
Ein dag i november lagar helselaget til mat for barnehagen og skulen. Bondelaget støttar økonomisk.
 
  • Dans utan grenser

Helselaget har planar om eit dansekurs for born ei helg i haust eller vinter.

  • Demensaksjonen

Dette er ein årleg, landsdekkjande aksjon i september. Vi står med bøsser ved butikkane og på ferjekaia i Oppedal.

  • På våren har vi faste aktivitetar:

- Hoppetaukonkurranse på skulen.

- Livredning/førstehjelp

- Markering av hjarteveka med hjartemarsj og stand ved helsestudioet.

Nasjonalforeningen Brekke helselag er opne for nye idear til aktivitetar og etterlyser personar som vil vera med i positivt og gjevande arbeid. Vi vil gjerne ha fleire nye medlemer i laget vårt! Ta gjerne kontakt med nokon i styret; Petra på tlf.: 41 68 29 81, eller Haldis på tlf.: 57 78 55 16.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.