Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Bygstad helselag

Bygstad helselag i Gaular er initiativtakar til aktivitetar lokalt, og gir helseinformasjon i form av foredrag og kurs. På dette viset ynskjer vi å gjere det lettare for deg å ta sunne val i kvardagen og vere fysisk aktiv.

Vi jobbar mellom anna med:

  • Folkesti og naturmøteplass. Sjå kart her med meir informasjon. Tiltaket er støtta av Gjensidigestiftelsen, Bondelaget, Sunnfjord energi med fleire.
  • Vidareføring av prosjektet "Mat og helse for folk flest" - kurs, foredrag, aktivitetar om mat og helse. Prosjektet er støtta av Extrastiftelsen.
  • Oppmodar og støttar barneskulen til å delta i hoppetaukonkurransen "Hopp for hjertet", som Nasjonalforeningen for folkehelsen arrangerer årleg for elever i grunnskulen.
  • Initiativtaker og ansvarleg for samarbeidsprosjeket Motiview, eit aktivitetstilbod og ein møteplass for bebuarar, dagpasientar og pårørande ved sjuke- og aldersheimen i Gaular kommune. Prosjektet starta opp våren 2014 og er støtta med midlar frå TV-aksjonen 2013.
  • Utdeling av skulesekkar til alle 1.klassingane ved Bygstad skule på innskrivingsdagen. Sekkane er tilpassa små ryggar, og godt synlege i trafikken, med skarpe fargar og mange refleksar.
  • Initiativtakar og driftar av tur-app "Ut og opp Gaular" i samarbeid med Gaular IL. Det er lagt inn mange turar i heile Gaular kommune. På toppen/ved målet "sjekkar ein inn" via eigen app, og alle turar har eigen poengsum som blir registrert. Kvar månad er det loddtrekning av premie frå lokalt næringsliv. Populært for store og små!

Du er velkomen som medlem i helselaget!

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.