Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Førde helselag

Vi i Førde helselag deltek blant anna i Hjerteuka, der Nasjonalforeningen for folkehelsen informerer om sunne levevanar og samlar inn til hjarte- og karforskinga.

Våre aktivitetar:

  •  Lokalmiljø

Vi har gitt ein hjartestartar til Haukedalen bygdelag, samt kurs for dei som skal bruke hjartestartaren. Helselaget gav ei ny kyrkjeklokke til Førde Kyrkje i høve 125-årsjubileet til kyrkje i 2010.

  •  Hjerteuka i mai

Vi deltar i Hjerteuka for å samle inn penger til lokale førebyggjande aktivitetar, forsking og informasjon om hjarte- og karsjukdom. Då har helselaget bøsseinnsamling og loddsalg, stand, hjartemarsj eller andre førebyggjande aktivitetar, som trimtiltak, opne møter, skulefrukostar, kosthaldskurs, stand og så vidare.

  • Hopp for hjertet

Målet med hoppetaukonkurransen "Hopp for hjartet" er å vise korleis fysisk aktivitet er både morosamt og sunt, og bidrar til å førebyggje hjarte- og karsjukdom. Konkurransen er open for alle elevar på 4. - 7 . trinn. Elevane får poeng når dei brukar friminutt eller ti minutt av ein undervisningstime til å hoppe tau. Alle klasser som melder seg på vil få tilsendt et slengtau, tipshefte til hoppetauleikar og ein plakat for registrering av poeng. Alt materiell er gratis.

  • Fotpleie

To gonger årleg får medlemar i Førde Helselag gratis fotpleie.

  • Førde Terapibasseng

Førde Helselag er medeigar i Førde Terapibasseng. Opningstider måndag-fredag kl.10 - 20. Lørdag - søndag: kl. 12 - 18. Førde Helselag sine medlemer badar for halv pris.

  • Busstur

Kvart år arrangerar vi ein sosial busstur for medlemane.

Førde helselag er opne for nye idear til aktivitetar og etterlyser personar som vil vere med i positivt og gjevande arbeid. Vi vil gjerne ha fleire nye medlemer i laget vårt! 

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.