Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Gaupne helselag

Gaupne helselag i Luster er opptatt av å skapa aktivitet og møteplassar i nærmiljøet som er med på å fremje god helse. Vi arrangerer mellom anna ei gågruppe.
Aktivitetar:
  • Gågjengen; eit lågterskeltilbod for alle! Gå når det passar, eller i gruppe med turkameratar frå Tandlakrysset måndagar kl 18:00, frå 1.mars-1.juni og 1.sept-1.desember. Det er post for klippekort etter 1 km, og bok etter 3 km. Trekking av premiar. Kontaktperson: Hildegunn Øygard Hansen, mobil: 95 72 85 62.
  • Seniortreff på Gaupnetunet. Sosialt treff med trim, song og musikk, og gjerne eit tema, og eit lett varmt måltid ein gong i månaden. Ope for alle som har lyst å delta. Første måndag i månaden (ikkje juli og august) kl 12.00-14.30.
  • "Betre balanse": balansetrening for heimebuande kvar torsdag kl 14:00 – 15:30 på Gaupne omsorgsenteret. Gratis skyss. Tre frå helselaget hjelper til.
  • Besøksteneste: alle over 80 år får adventsblomst.
  • Vårsleppen i Gaupne barnehage, helselaget serverer lunch.
  • Basar i mars.
  • «Hopp for hjertet»: Nasjonalforeningen for folkehelsen sin hopppetaukonkuranse i april/mai for 4.-7. klasse. Helselaget serverer lunch på Gaupne skule. Lokal premiering.
  • Markering av Hjerteveka, der Nasjonalforeningen for folkehelsen informerer om sunne levevanar og samlar inn til hjarte- og karforskinga. Vi har hjertemarsj, og hjertestand med brosjyrer, lodd, frukt og grønsaker.
  • Fri Moro. To dagar med friluftsaktivitetar fyrste veka i sommarferien, for mellomtrinnet på skulen, i samarbeid med folkehelsekoordinator og andre organisasjonar.
  • Markering av Demensaksjonen og Alzheimerdagen i september/oktober med stand på haustmarknaden.
  • Aktivitetsvenn til personar med demens. Kurs i forkant.
  • Serverering av kaffi og kaker på influensavaksineringsdagen på Gaupne omsorgssenter i oktober.
  • Matkurs for medlemmer i helselaget ein gong i året.
  • Gaupne helselag er medeigar i Luster Treningssenter.
  • Gaupne helselag er representert i Luster kommune sitt Brukarutval, og blir også kontakta som høringsinstans i kommunale saker.
  • Gaupne helselag samarbeider med helsestasjonen, Frisklivssentralen, Folkehelsekoordinator, Jostedal helselag, Indre Sogn demensforening, Lions luster, LHL, Folkeakademiet, 4H, Bygdalaget og andre.

Kan du tenkja deg å engasjera deg i nokre av aktivitetane?

Ta kontakt med Asborg Leirdal Kjærvik, leiar i Gaupne helselag, for meir informasjon. Tlf.: 97791794 eller e-post: lekjaerv@online.no