Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Gloppen helselag

Gloppen helselag arrangerer blant anna søndagskafé på Omsorgssenteret, og deltar i Nasjonalforeningen si Hjerteuke.

Aktivitetar:

Søndagskafè

Gloppen helselag arrangerer søndagskafè på
Gloppen Omsorgssenter. Kaffi, mat og underhaldning. Velkomne til ei hyggjeleg ettermiddagsstund.

Hjerteuka

Gloppen helselag deltar i Nasjonalforeningen si aksjon Hjerteuka i mai for å samle inn penger til lokale førebyggjande aktivitetar, forskning, og informasjon om hjarte- og karsjukdom. Under Hjerteuka arrangerer vi hjartemarsj for heile bygda og held informasjonsstand med frukt og grønt.

Temakvelder:

  • Om fysisk aktivitet som førebyggjing til god helse
  • Temakveld i samband med hjarteveka
  • Temakveld om demens

Skulelunsj

Vi besøker Hyen skule og serverer sunn skulelunsj.

Demensaksjonen

Gloppen helselag støttar Nasjonalforeningen sin Demensaksjon. Aksjonen vert arrangert samtidig med den internasjonale Alzheimerdagen 21. september. Innsamla midlar frå demensaksjonen går til forskning, informasjon og lokale tiltak for personar med demens og deira pårørande.

Hopp for hjartet

Gloppen helselag støttar Nasjonalforeningen sin hoppetaukonkurranse "Hopp for hjertet" for barn i 4.-7. klasse, med lokal premiering til beste klasse. Helselaget deler ut hoppetau til alle 5. klassingar. Grunnlaget for god helse legg ein tidleg i livet.

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet for eldre ein dag i veka på Felleshuset.

Basar

Helselaget har basar med mange flotte gevinstar der inntekta går til lokale aktivitetar som vi støttar etter søknad.

Håpar du finn noko av interesse! Gloppen helselag er opne for nye idear til aktivitetar og etterlysar personar som vil vera med i positivt og gjevande arbeid. Vi vil gjerne ha fleire nye medlemer i laget vårt!

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.