Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Lavik helselag

Lavik helselag i Høyanger jobber blant annet med å helde skule- og barnehagemåltid, kaffikos på Helsesenteret og kyrkjekaffi.

Aktivitetar i helselaget:

  • Skule- og barnehagemåltid
  • Stønad til innkjøp av diverse utstyr i barnehage og skule
  • Samarbeid med Høyanger kommune om tryggleiksdagane
  • Kontaktgruppa: Kaffikos på Helsesenteret torsdag ettermiddag og kyrkjekaffi m/ andakt på Helsesenteret
  • For dei over 60: Dagstur om våren og juletrefest
  • Saman med Røde kors sponsar vi julelunsj for brukarane av open omsorg i Lavik
  • Sal av hjartelodd
  • Stand med utdeling av Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt opplysningsmateriell
  • Temakveld
  • Basar og kakelotteri
  • Stønad til fotpleie
  • Helselaget har gjennom fleire år arbeidd med prosjektet LHR A/S, noko som har tatt mykje tid og pengar, og arbeidet pågår fortsatt.

Lavik helselag ynskjer å gjere eit godt frivillig arbeid i vårt område, difor er du som medlem velkomen til å vere med og støtte oss i arbeidet. Ynskjer du å verte medlem er du hjarteleg velkomen.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.