Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Nordre Askvoll helselag

Laget vårt har som oppgåve å arbeide for helse og trivsel blant alle i bygda vår. Vi har aktivitetar turdag, skulelunsj og held basarar.

Vi jobbar med:

Turdag

I sommarhalvåret arrangerar laget to faste turar kvar veke. Turane startar som reglel kl 19 og går lokalt i marka og på fjellet. Nokre lengre turar startar kl 18. Ein av veketurane er rekna for å vere lett og den andre litt meir utfordrande.

Nyfødde

Dei aller yngste ønskjer vi velkommen til verda med ei lita gåve.

Skulelunsj

Vi besøker ein skule og serverer skulelunsj. Dette gjer vi to gongar i året, og elevane gler seg alltid til vi kjem.

Basar

Helselagsbasaren er i oktober og er viktigaste inntektskjelda til laget. Basaren har godt oppmøte og vi prøver å lage til eit program som passar for alle.

Syng med oss

To gangar kvart år vert det arrangert Syng med oss, som er ein aktivitet for dei som likar å synge.

Onsdagstreff

Eit samarbeid med nærmiljøsentralen i kommunen. Frå kl.12.30 til kl. 15.00.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet