Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Øvre Årdal helselag

Øvre Årdal helselag jobbar for meir trivsel og betre helse i hjemkommunen, blant anna ved å arrangere gågrupper.

Våre aktivitetar:

Medlemsmøte

Øvre Årdal helselag held meldlemsmøte 10- 12 gonger i året. Temamøter 1-2 gonger i året.

Gågruppe

Våren 2013 starta vi opp ei gågruppe. Vi møtest på formiddagen kvar torsdag og går ein tur langs elva og Årdalsvatnet. Turen passar for alle! Rundt 20 damer møter opp kvar veke.

Hjerteveka i mai kvart år

Vi deltek i Hjerteuka kvart år, for å samle inn pengar til lokale førebyggjande aktivitetar, forsking, og informasjon om hjarte- og karsjukdomar.  Då vil helselaget ha bøsseinnsamling, hjertemarsj og stand på Torget med utdeling av brosjyrar, frukt og grønt.

Demensaksjon

Demensaksjon vert arrangert samtidig med den internasjonale Alzheimerdagen i september. Midlane frå Demensaksjonen går til forsking, informasjon og lokale tiltak for personar med demens og deira pårørande.

"Hopp for hjertet" i april kvart år

"Hopp for hjertet" er Nasjonalforeningens årlege hoppetaukonkurranse. Målet med kampanjen er å vise korleis fysisk aktivitet er både morosamt og sunt. Konkurransen er for alle elevar på 4.-7. klassesteg. Alt materiell er gratis.

Andre aktivitetar

Helselaget arrangerar eldretreff i kyrkja ein gong i året. Inntekta frå loddsalet går til soknerådsarbeidet.
Haust og vår besøker vi ÅBO. Bebuarane vert inviterte på ettermiddagskaffi med noko attåt; sang, musikk og lotteri. To gonger i året har medlemane anledning til å vere med på tur. Ein litt lengre tur på 4-5 dagar og ein dagstur (sokalla blåtur). Før jul avsluttar helselaget haustsesongen med ein julemiddag.

Øvre Årdal helselag er opne for nye idéar til aktivitetar og vil gjerne ha med fleire personar som er interesserte i positive og gjevande aktivitetar.

Vi ynskjer DEG velkommen som medlem av Øvre Årdal helselag.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.