Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Sunnfjord demensforening

Demensforeininga ynskjer å skape større forståing for personar med demenssjukdom og korleis det er å vera pårørande. Vi ønskjer å gje pårørande høve til å møta andre i same situasjon

Ulike aktivitetar:

  • Temamøter: demensforeininga ynskjer å ta opp aktuelle tema om demenssjukdomane. Forslag til tema kan meldast til leiar i foreininga.
  • Samtaler: demensforeininga ynskjer å gje dei pårørande høve til å møte andre i same situasjon. Sjukdomen fører ofte til at nettverket fell bort. Demensforeininga ynskjer å etablere nye nettverk.
  • Aktivitetsvenn: vi vil jobbe for at det skal bli arrangert Aktivitetsvennkurs tre til fire gangar i året.
  • Anna aktivitet: pårørande ynskjer at dei sjuke skal vere aktive så lengje dei kan. Demensforeininga kan få stønad til å setje i gang aktivitet. Demensforeininga kan starte tiltak for sjuke og pårørande som dei sjølve ynskjer.
    Ta kontakt med foreiningen dersom du vil delta i ein aktivitet.
  • Demensvennleg samfunn: demensforeninga vil samarbeide med Førde kommune i arbeidet om å bli ein demensvennleg kommune. Det er og eit mål å få fleire kommunar i Sunnfjord med.

Demensforeininga vert drive av frivillige. Dess fleire som deltek i foreininga, dess meir kan vi gjere. Du bidrar til arbeidet ved å vere medlem i Demensforeningen i Sunnfjord. 

Om du vil vite meir, eller bli medlem, ta gjerne kontakt med Jorunn Kirketeig i Sunnfjord demensforening: e-post: Jorunn.kirketeig@pro.sf.no mobil:  91 14 49 66.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.