Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Vågsøy demensforening

Vågsøy demensforening jobber for å betre kvardagen for personer med demens og deira pårørande i heimkommunen, gjennom å blant anna arrangere opne temamøter.

Pårørande er ein viktig ressurs for den som er sjuk, men dei treng å møtast for å lære om sjukdomen. Kunnskap gjer ein sterk. I samarbeid med helsepersonell jobbar vi i demensforeningen med å utvikle nye tiltak for personar med demenssjukdom. Ofte er det små bidrag som kan gjere ein stor forskjell.

Vågsøy demensforening ynskjer å spre informasjon gjennom:

  • Pårørandeskule

Vi ynskjer å gje dei pårørande kunnskap om sjukdommen og gje dei styrke i situasjonen som pårørande. Gjennom oss kan du få oversikt over kvar det vert arrangert pårørandekurs.

  • Møte andre

Vi ynskjer å gje dei pårørande høve til å møte andre i same situasjon. Sjukdommen fører ofte til at nettverket fell bort. Vi ynskjer å etablere nye nettverk.

  • Opne møter

Vi ynskjer å ta opp aktuelle tema om demenssjukdommane. Ynskje om tema kan meldast til leiar i Vågsøy demensforening: Ellinor Martha Lillestøl på epost: elillestl@yahoo.no

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.