Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Vevring helselag

Vevring helselag ønskjer å skapa gode møteplassar og setja fokus på sunne levevanar.

Aktivitetane våre:

  • Vi legg til rette for at det skal vera ekstra kjekt å gå på tur, med å ha to turpost-bøker liggjande ute, med vinnarsjansar på.
  • Hjertemarsj i mai med løypequiz og trekking av premier på turpost-bøkene. Vi har også kafe denne dagen.
  • Trening kvar tysdag: aerobic, styrketrening og basisball, både damer og menn er med.
  •  I fjor gjekk vi fjellturar om tysdagane etter at treninga slutta i juni, dette vil vi fortsette med om det er stemning for det.
  • Kafe/basar ein gang i året (mars).
  • Årleg fjelltur/familietur til Speningsvatnet.
  • Klargjering av konfirmantkapper.

Ta gjerne kontakt med Vevring helselag om du lurar på noko, eller ønskjer å bidra på nokon av aktivitetane våre: Bjørg H Horstad, leiar i Vevring helselag bjorg.horstad@gmail.com Tlf.: 47877330