Til hovedinnhold

Kva inneheld matpakka?

I denne oppgåva skal du sjå på kva næringsstoff det er i ein matpakke. Klassen kan saman bli samde om ein matpakke de skal ta utgangspunkt i.

Dei tre viktigaste næringsstoffa vi har, er karbohydrat, feitt og protein. Dei gjev oss energi, byggjer opp kroppen vår og vernar organa våre. Vi kan tenkje på dei som byggjesteinane til kroppen. Vi treng litt av alle saman for å få det beste resultatet.

Dette gjer du:

Du kan ta utgangspunkt i matpakken klassen har blitt samde om.

Skriv på papir. Du treng ikkje datamaskin.

  1. Skriv ned kva matpakken inneheld.
  2. Skriv ned kva for næringsstoff dei ulike matvarene i matpakka inneheld.
  3. Nokre matvarer inneheld fleire av dei same næringsstoffa. Kan du gje to døme på slike matvarer?