Nasjonalforeningen Vevring helselag
Aktivitetane våre:
- Vi legg til rette for at det skal vera ekstra kjekt å gå på tur, med å ha to turpost-bøker liggjande ute, med vinnarsjansar på.
- Hjertemarsj i mai med løypequiz og trekking av premier på turpost-bøkene. Vi har også kafe denne dagen.
- Trening kvar tysdag: aerobic, styrketrening og basisball, både damer og menn er med.
- I fjor gjekk vi fjellturar om tysdagane etter at treninga slutta i juni, dette vil vi fortsette med om det er stemning for det.
- Kafe/basar ein gang i året (mars).
- Årleg fjelltur/familietur til Speningsvatnet.
- Klargjering av konfirmantkapper.
Ta gjerne kontakt med Vevring helselag om du lurar på noko, eller ønskjer å bidra på nokon av aktivitetane våre: Bjørg H Horstad, leiar i Vevring helselag bjorg.horstad@gmail.com Tlf.: 47877330