Telemark

Nasjonalforeningen Oterholt helselag

Oterholt helselag blei starta i 1922. Det er nå ca. 110 medlemmer i laget. I 2017 slo Bø helselag seg saman med Oterholt helselag, så nå er det bare eitt helselag i bygda.

Oterholt Helselag

  • har medlemsmøte andre tysdagen i månaden kl. 19 i klubbhuset til Bø Fiskelag ved Oterholdtfossen.
  • arrangerer rusleturar kvar tysdag kl.11 i Evjudalen og omegn saman med andre frivillige organisasjonar.
  • har stor haustbasar
  • deltar i den årlege Hjarteveka der Nasjonalforeningen for folkehelsen sprer informasjon om sunne levevanar og samlar inn pengar til hjarte- og karforsking
  • støttar den årlege Demensaksjonen, der midlane går til forskning og lokale demensaktiviteter
  • har temamøte med stand og informasjon
  • har folkesti saman med Bø turlag langs Bø elva (Gamle Folkestad bru- Gårå brua)
  • støttar økonomiske tiltak for både barn, unge og eldre i bygda
  • arrangerer hyggetreff for bebuarar på Bø sjukeheim

Kontaktperson, Leder Gro Tjønnås - tlf 905 56 606. Mail: gro.tjonnaas@gmail.com