Hordaland

Nasjonalforeningen Hamre helselag

Hamre helselag i Osterøy kommune deltek blant anna i den årlege Hjerteuka, der Nasjonalforeningen for folkehelsen sprer informasjon om sunne levevanar og samlar inn til hjarte- og karforskinga.

Vi deltek også i "Hopp for hjertet", den årlige hoppetaukonkurransen for elevar i grunnskulen. I den forbinding arrangerer vi til dømes ein hjartemarsj.  Saman med det lokale musikklaget har me også laga til natursti med utgangspunkt frå Hamre skule. Laget har delt ut reflexbrikker til alle elevar og lærarar på skulen.

Vi har ein årleg basar rundt påsketider. Dette er ein tradisjon som går langt tilbake i tid.

Vi har saman med andre lag i bygda laga til Jonsokfeiring med bålbrenning og grilling, det er og vorte ein årleg tradisjon.

I 1991 opna helselaget dørene til nybygd eldrebolig i bygda. Dette er eit rekkehus med seks leiligheter og eit fellesrom. De siste året har helselaget friska opp uteområdet utenfor eldreboligen.

Nasjonalforeningen Hamre Helselag har ein representant i Hamre Grendaråd.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, hald auge med kunngjeringer i avisen og oppslag i nærmiljøet.