Hordaland

Nasjonalforeningen Seim helselag

Seim helselag i Lindås arrangerer blant anna nabotreff for eldre den siste onsdagen i kvar måned og har andre aktivitetar som bidreg til auka trivsel blant unge og eldre i bygda.

Vi driv ulike aktivitetar på Seim:

Nabotreffet

Sosialt samver for eldre den siste onsdagen i kvar månad. Dei får også tilbod om julebord og sommartur.
Vi deler ut juleblomster til dei over 80 år.

Hjarteveka

Blir arrangert i starten på mai kvart år, og målet er å samle inn pengar til lokale førebyggande aktivitetar, forsking og informasjonsarbeid om hjarte- og karsjukdom. Vi har bøsseinnsamling og loddsal, hjertemarsj eller andre førebyggjande aktivitetar, skulefrukost og stand.

Samarbeid med skulen og tema kosthold og fysisk aktivitet

Eit samarbeidsprosjekt med Seim skule der 5. klassetrinn får undervisningsmateriell frå helselaget. Gjennom praktiske øvingar, rekneoppgåver og spennande fakta vert det fokusert på samanhengen mellom kosthald og fysisk aktivitet som grunnlag for god helse.

Det heile vert avslutta med skulelunsj for mellomtrinnet i "Strilatun".
Helselaget gjev også refleksvestar til alle 1. klassingane.

Demensaksjonen

Aksjonen arrangerast samtidig med den internasjonale Alzheimerdagen 21. september, og er ei støtte både til dei som har demens og deira pårørande. Midlar frå aksjonen går til forsking, informasjon og lokale tiltak.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.