Hordaland

Nasjonalforeningen Skånevik helselag

Skånevik helselag i Etne arrangerer mellom anna strikkekafé, basarar og skulefrokostar, for å skape betre helse, og meir trivsel, blant unge og eldre i bygda.

Våre aktivitetar:

Strikkekafe: annankvar torsdagar samlast me på Helsesenteret kl. 18 - 20. Alle er velkomne - både med og utan strikketøy!

Hjartemarsj: for alle skuleborn, bygdefolk og andre interesserte. Servering avgrønnsakssuppe, saft og frukt. Premie - trekt på startnummer.

Skulefrukost: ein gong i året får elevar og tilsette påsmurte rundstykker.

Hoppetaukonkurranse: me premierar den lokale vinnarklassen i Nasjonalforeningen for folkehelsen sin landsdekkjande hoppetaukonkurranse for elevar i 4. - 7. klasse.

Hausttakkefest: salatbord til kyrkjekaffien.

Julamøte: fest på Omsorgssenteret.

Basar: alltid 4. påskedag - ein hundreårstradisjon!

Årsmøte: februar/mars.

Yoga: 10-vekerskurs vår og haust.

Skånevik helselag støttar Skånevik kultur- og idrettshall.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.