Hordaland

Nasjonalforeningen Ullensvang helselag

Ullensvang helselag deltek mellom anna i Nasjonalforeningen sine innsamlingsaksjonar: Hjerteuka og Demensaksjonen, kor pengane går til lokale tiltak og forsking på hjerte-, kar- og demenssjukdommar.

I Hjerteuka sprer Nasjonalforeningen for folkehelsen informasjon om sunne levevanar og samlar inn til hjarte- og karforskinga.

Vi deltek óg på "Hopp for hjertet", den årlege hoppetaukonkurransen som Nasjonalforeningen for folkehelsen arrangerer for grunnskulen. Konkurransen er populær blant skulane, og dei to helselaga freistar med ein lokal premie på 1000,- kr som går til den klassen som hoppar mest.

Vi deltek dessutan i Demensaksjonen, der midlane som vert samla inn går til forsking og lokale demensaktivitetar.

I samband med dei to store sakene til Nasjonalforeningen, hjarte og demens, arrangerer me temakveldar med jamne mellomrom. Der det er naturleg, samarbeider Ullensvang helselag med Kinsarvik helselag. Eit godt døme på eit slikt samarbeid er mammografiturar til Bergen, der helselaga betaler reiseutgifter for alle som deltek.

Tidlegare har me støtta mange lokale tiltak økonomisk, blant anna ved byggjing av ballbingar ulike stader i fjorden, innkjøp av hjartestartar i Kinsarvik, kjøp av ny Hardingbuss, klubbhus på Hordatun m. m.

For mer informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halda auge med kunngjeringar i avisa og oppslag i nærmiljøet.