Hordaland

Nasjonalforeningen Voss demensforening

Voss demensforening gjer mykje for å betre livskvaliteten til personar med demens og pårørande i kommunen, blant anna arrangar vi demenskafé ein gong i månaden.

Vi arrangerar demenskafé siste laurdag i månaden mellom klokka 15.00 og 17.00 på Vetleflaten Omsorgssenter. (Aktiviteten er støtta med midlar frå TV-aksjonen 2013).

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halda auge med kunngjeringar i avisa og oppslag i nærmiljøet.