Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Fjærland helselag

Fjærland helselag i Balestrand arrangerer mellom anna dametrim og gågruppe for eldre.

Vi arbeider for å fremje Nasjonalforeningen sine hjartesaker og å bidra til møteplassar og helsefremjande aktivitetar i nærmiljøet.

Vi jobbar med:

  • gågruppe for eldre
  • dametrim for 40 +
  • å markerer Hjerteuka med gratis frukt og grønt og hjartemarsj. I Hjerteuka jobber Nasjonalforeningen for folkehelsen med å infomere om sunne levevanar og samlar inn til hjerte- og karforskinga. 
  • sal av hjartelodd
  • organiserer tilbod om fotpleie
  • organiserer tilbod om rettleiing/hjelp i bruk av høyreapparat
  • arrangerer årleg tur saman med Sogelaget
  • har medlems-/temamøter ila året
  • støttar skulen i samband med hoppetaukonkurransen "Hopp for hjertet", som Nasjonalforeningen årleg arrangerer for elevar på grunnskulen.

 Du er velkomen til å bli med i helselaget!

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.