Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Hornindal demensforening

Vi er ei pårørandeforeining som har som formål å auke kunnskap om demenssjukdomane, ha temakveldar, ivareta medlemane sine interesser og vere ein pådrivar for å betre tilhøva til dei demenssjuke og deira pårørande i nærmiljøet.

Demensforeininga leggjer til rette for:

  • Tema- / undervisningsmøter
  • Sosiale samvær for demenssjuke og pårørande
  • Pårørandekurs og samtalegrupper etter ynskje frå medlemane

Møtestad er i hovudsak dagsenteret ved Hornindal omsorgsenter. Program blir annonsert i lokalpressa.

Foreininga har årsmøte kvart år i mars. I styret er det pårørande og fagpersoner.

Noko for deg? Ynskjer du å bli medlem eller har spørsmål, ta kontakt med leiar Kirsti Flø på tlf: 41 20 52 89 (e-post: kirstiflo@hotmail.com) eller nestleiar Brynhild Lund Notøy på tlf: 99 48 75 38.