Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Jølster helselag

Det er viktig for helselaget å drive førebyggjande helseaktivitet - særleg for born og unge, men også at flest mulig eldre skal få det beste ut av kvardagen sin.

Helselaget har gitt stønad til:

  • treningsutstyr og ulike trimapparat
  • terapibassenget på Best Western Skei hotell
  • hjartestartar
  • klatreparkar
  • redningsutstyr til skisenteret
  • bassengtrening med fysioterapeut to dagar i veka på Thon Hotel Jølster.
  • Vi har søkt midlar til ulike prosjekt, f.eks Motiview sykkel og el-sykkel med kalesj til begge omsorgssentera i kommunen 

Andre aktivitetar som Jølster helselag er med på:

  • Hoppetaukonkurransen "Hopp for hjertet" - vi deltek i den årlege, nasjonale hoppetaukonkurransen for elevar i grunnskulen.
  • Hjerteveka - i markerar med stand, pengeinnsamling og utdeling av frukt og grønt.
  • Demensaksjonen - vi markerar dagen med stand og har innsamling på bøsse. Innsamla midlar går til forsking på demenssjukdom og lokale demensaktivitetar.
  • Helselaget er med i Aktivitetsvenn-prosjekt, eit tilbud for personar med demens, i samarbeid med kommunen.

Ønskjer du meir informasjon om helselaget? Kontakt gjerne leiar Anne Karin Huus Erikstad, tlf 46664381, e-post: ak.erikstad@gmail.com.