Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Vik helselag

Vik helselag driv blant anna trimgruppe for personer med demens på aldersheimen.

Vi deltek óg i Hjerteuka,  der Nasjonalforeningen for folkehelsen sprer informasjon om sunne levevanar og samlar inn til hjarte- og karforskinga. I tillegg deltek vi i den årlege hoppetaukonkurransen "Hopp for hjertet" som Nasjonalforeningen for folkehelsen arrangerer for elevar i barneskulen. Då oppmodar vi born til å være aktive.

Du er velkomen som medlem i helselaget!

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.