Til hovedinnhold
Bli frivillig

Inspirasjonsbank

Samarbeid med folkehøgskulen i Førde

I Førde har de fått til eit flott samarbeid mellom Sunnfjord Folkehøgskule og Aktivitetsven.

-To av lærarane frå folkehøgskulen meldte seg på og gjennomførte kurs for aktivitetsvener. De reiser mykje gjennom skuleåret, og har ikkje anledning til å binde seg opp som «vanleg» aktivitetsven. Vi inviterte til eit møte for å drøfte korleis vi likevel kunne samarbeide. Då vart planane for å ta personer med demens på besøk til folkehøgskulen lagt, sier Kari Valle frå arbeidsgruppa.

De tok kontakt med dagsenteret for personar med demens, som var veldig positive til å ta turen. Lærer og elevar lagde opplegg og besøket vart gjennomført.

-Deltakarar frå dagsenteret for personar med demens, og deira tilsette, blei henta av minibussen til folkehøgskulen. Der møtte fotolinja oss, og viste bilde frå turar dei har vore på. Alle fekk også tatt skikkelig tøffe profilbilde, som dei fekk utdelt, seinare på dagen. Etter fotograferinga drog vi ned til sandvolleyball-hallen. Nokon prøvde klatrevegg for fyrste gong som 80 år+, og nokon spelte volleyball med spreke gutar og jenter frå volleyballgruppa. Då vi var ferdige der, reiste vi opp att på folkehøgskulen og fekk kaffi og bakst, som elevane hadde laga, seier Ellen Karin Hugøy frå arbeidsgruppa.

Planen framover er at den eine læraren tar med elevar til sjukeheimen, og planlegg og gjennomfører eit opplegg for bebuarane der.