Til hovedinnhold
Støtt oss

Ledige stillinger

Koordinator, halv stilling ved fylkeskontor i Bergen

Vil du være med å gjøre en forskjell for betre folkehelse i Hordaland og Sogn og Fjordane? 

Vi ser etter deg som er glad i frivilligheita og som ønskjer å leggje til rette og støtte helselaga og demensforeiningane våre. Stillinga er ein 50 prosent fast stilling med moglegheit for snarleg tiltreding. Koordinator rapportere til dagleg leiar fylkeskontoret og har kontorstad i Bergen sentrum. Du vil bli ein del av eit team på tre personar som saman skal bidra til auka frivilligheit og folkehelse i regionen dykkar.  

Hovudarbeidsoppgåver: 

  • Administrere tilskotsordningar for laga våre 
  • Følgje opp utdelingar av Folkehelseprisen og Demensprisen  
  • Bidra i arbeidet med nasjonale kampanjar som Hopp for Hjerte og Demensaksjonen 
  • Svare ut førespurnader og administrativ drift av kontoret 
  • Andre oppgåver etter avtale 

Du bør ha følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar 

Vi søkjer etter ein person med erfaring og kjennskap frå frivilligheita og/eller organisasjonsarbeid.  Du har høgare utdanning på bachelor nivå, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. Du er sjølvstendig, systematisk, glad i menneske og kommuniserer godt både munnleg og skriftleg. Gode IT kunnskapar (gjerne Office365 med tilhøyrande program) er ein føresetnad. Nynorsk er arbeidsspråket. 

Det vil bli gitt opplæring i arbeidsverktøya til organisasjonen.  

Vi tilbyr: 

Hos oss i Nasjonalforeningen for folkehelsen vil du få: 

  • Ein meiningsfull jobb i ein anerkjend organisasjon 
  • Engasjerte kollegaer med ulike fagbakgrunnar og høg kompetanse som skaper gode diskusjonar og ein god porsjon humor i kvardagen 
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø  
  • Kontor i fine lokale og ei miljøsertifisert verksemd 
  • Fleksitid, sommartid og ei ekstra ferieveke 
  • Lønn etter avtale og gunstige låne- og pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse 

 

For meir informasjon kontakt; dagleg leiar Kristine Drake tlf. 404 45 820 eller organisasjonssjef Brit Olssøn tlf. 911 92 811.  

I Nasjonalforeningen for folkehelsen blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø med mykje samarbeid og god trivsel.  Vi er opptekne av å spegle befolkninga i Noreg og ønskjer derfor mangfald i organisasjonen, både når det gjeld alder, kjønn, funksjonsnivå og etnisitet. 

Søknad sendast via finn.no sin portal innan søknadsfrist 23.08.2024