Sogn og Fjordane

Nasjonalforeningen Gaupne helselag

Gaupne helselag i Luster er opptatt av å skapa aktivitet og møteplassar i nærmiljøet som er med på å fremje god helse. Vi arrangerer mellom anna ei gågruppe.

Aktivitetar:

  • Gågjengen; eit lågterskeltilbod for alle! Gå når det passar, eller i gruppe med turkameratar frå Tandlakrysset måndagar kl 18:00, frå 1.mars-1.juni og 1.sept-1.desember. Det er post for klippekort etter 1 km, og bok etter 3 km. Trekking av premiar. Kontaktperson: Hildegunn Øygard Hansen, mobil: 95 72 85 62.
  • "Betre balanse": fysioterapeut har balansetrening på Gaupne omsorgssenter måndag frå oktober til mai, kl 13:30-15:00. Liten eigenandel, servering. Helselaget hjelper til.
  • Besøksteneste: adventsblomst til alle over 85 år.
  • Vårsleppen i Gaupne barnehage, helselaget serverer lunsj.
  • Basar i mars.
  • «Hopp for hjertet»: Nasjonalforeningen for folkehelsen sin hopppetaukonkuranse i april/mai for 4.-7. klasse. Helselaget serverer lunsj på Gaupne skule. Lokal premiering.
  • Markering av Hjerteveka: arrangerer hjertemarsj med quiz og servering av sunne hjertevafler i Judassvingen.
  • Fri Moro. To dagar med friluftsaktivitetar fyrste veka i sommarferien, for mellomtrinnet på skulen, i samarbeid med folkehelsekoordinator og andre organisasjonar.
  • Demensaksjonen og Alzheimerdagen i september/oktober. Helselaget støttar opp om markeringa av Alzheimerdagen som blir arrangert av Sogndal, Leikanger og Luster demensforening på museet i Kaupanger.
  • Aktivitetsvenn til personar med demens. Kurs i forkant.
  • Serverering av kaffi og kaker på influensavaksineringsdagen på Gaupne omsorgssenter i oktober.
  • Gaupne helselag er medeigar i Luster Treningssenter.
  • Gaupne helselag arrangerer Vår- og haustkveld, med tema og informasjon om helselaget. Er ope for alle.
  • Gaupne helselag blir kontakta som høyringsinstans i kommunale saker.
  • Gaupne helselag samarbeider med helsestasjonen, Frisklivssentralen, Folkehelsekoordinator, Jostedal helselag, Indre Sogn demensforening, Lions luster, LHL, Folkeakademiet, 4H, Bygdalaget og andre.

Kan du tenkja deg å engasjera deg i nokre av aktivitetane? For meir informasjon, ta kontakt med Asborg Leirdal Kjærvik, leiar i Gaupne helselag, tlf.: 97 79 17 94 eller e-post: lekjaerv@online.no