Til hovedinnhold
Støtt oss

Aktuelt

Vindindustri og folkehelse

Nasjonalforeningen for folkehelsen krev at folkehelsespørsmål i mykje større grad enn no vert vektlagt ved vurdering av evt. utbygging av vindindustri.

Utbygging av vindindustri kan påverka folkehelsa vesentleg og difor ynskjer Nasjonalforeningen for folkehelsen å kome med ei uttale om denne saka. Store områder har allereie blitt bygd ut, og nye område er aktuelle for vindindustri. Desse områda har stor verdi for tur og rekreasjonsaktivitetar.  

Friluftsliv er ein særs viktig faktor for norsk folkehelse, både fysisk og psykisk. Bygging av vindturbinar vil øydelegge gleda ved friluftsliv i dei aktuelle områda. Vakre naturområde vert endra til industriområde med støy og svære konstruksjonar.  

Natur, dyre- og fugleliv vert endra for alltid. Tilgjenge vil også verta avgrensa, og farleg, særleg vinterstid. Til dette kjem uvissa om kva for fylgjer lågfrekvent lyd/infralyd har for helsa.